mandag 7. november 2011
askvik5 med julekonsert
Askvik5 består av:
Mari Askvik (song)
Ingrid Askvik (song)
Arild Rohde (fiolin)
Matias Askvik (bass)
Egon Askvik (piano)
Hege Feet Askvik (song)
med seg har dei gode vener:
Magnus Aune (fiolin) og Ingunn Vangen (song, bratsj)
Trond Einar Sørensen TERZZ styrer lyd og lys
Austrheim sokneråd stiller kyrkja til disposisjon og hjelper med billettsal.
Billettane kostar kr.150 og kan kjøpast på Mastrevik bok og papir frå 17.november
Der kan ein også kjøpa juleplata "Gladværugt"
Det er ei garantert original julegåve. Den er ikkje til sals i butikkane. Kun hjå ho Solveig.
Me sel den også på konserten i kyrkja kr.170
www.myspace.com/askvik5
4.sundag i advent deltek dei på songgusteneste i Bergen domkirke kl.11
torsdag 29. september 2011
Turne Meir himmel Meir jord
tirsdag 16. august 2011
Nasjonal minnedag sundag 21.august 2011
Denne sundagen skal igjen det flaggast på halv stong i bygd og by. Slik det mange stader vart gjort 23.juli og Olsokdagen 29.juli. Det er nasjonal minnedag for offera for drapa i Oslo og på Utøya-
22. og 23.juli gløymer me aldri. Dei fyrste meldingane og så dei fryktelege tala på drepne menneske, dei fleste i skulealder. Det var det verste: Ungdommar med livet framfor seg vart brutalt skotne ned og drepne. Me var som lamslått.
Men berre for ei stund.
Spontant vart kyrkjene opna for menneske som ville tenna lys og be. Spontant vart det lagt ned roser framfor domkyrkja i Oslo. Rosene vaks til ei stort hav. Einskildpersonar tok initiativ til rosetog over heile landet. I Oslo var så mykje som 200.000 ute i gatene 25.juli.
Menneske søkte saman. Hat og vald fekk ikkje siste ordet. ”Me takkar deg for at kjærleiken er sterkare enn døden”, heiter det i liturgien i kyrkja. Det opplevde me desse julidagane i Noreg. Ein ung AUF-ar vart sitert over heile verda: ”Når eit menneske kan visa så mykje hat, tenkt på kor mykje kjærleik me kan visa saman.”
Kyrkjelydane er oppmoda til å bruka 1.Kor.13 som tekst i kyrkjene denne spesielle dagen.
Her heiter det:
Kjærleiken gøymer ikkje på det vonde
Kjærleiken gleder seg ikkje ved urett,
men gleder seg ved sanninga.
Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.
Presten Per Arne Dahl vart spurd om kva tid me kjem attende til det normale. Han svarte: Me skal ikkje attende dit.
Håpet er at me skal attende til noko meir enn det me hadde.
Ein kvardag som er litt meir prega av omtanke.
Litt meir prega av spontan godleik. Ein kvardag som er litt mindre prega av skepsis til kvarandre.
Denne sommaren har me sunge:
”Vi vil ta vare på skjønnheten, varmen”
BØN
Du trufaste Gud,
fortvilte og gråtande kjem vi fram for ditt ansikt.
Stå saman med oss Gud, når vi med
heile folket vårt minnest dei som brutalt blei rivne bort den 22. juli.
Gud, ver hos oss
når vi ikkje veit korleis vi skal bere sorga.
Hjelp oss å hjelpe kvarandre
vis oss vegen å gå vidare.
Frå djupet ropar vi til deg:
Høyr oss, Gud! Hjelp oss, Gud! Miskunne deg over oss!
Kyrie eleison.
søndag 17. april 2011
palmesundag
Palmesundag
Joh.12,1-13
Det har nyss vore kyrkjemøte og ny liturgi for gudstenester i Den Norske Kyrkja er vedteken. Den skal gjelda frå fyrste sundag i advent. No er våre nye liturgiar aldri nye. Me søkjer heile tida attende til røtene og spør: Korleis kan me tilbe Gud?
Maria utførte ei unik handling denne fyrste palmehelga i Betania utafor Jerusalem: Ho salva Jesus til Messias. Messias betyr ”Den salva”. Ho salva Frelsarkongen som skulle koma, slik dei gamle profetane hadde gjort det med kongane i det gamle Israel.
Men Maria viser også ei grunnhaldning for all liturgi og kristent liv. Lukas fortel om at ho lytta til Jesu ord. Johannes fortel om korleis ho på ”palmelaurdag” brukar svært dyr salve for å salva Jesu føter og tørkar dei med håret sitt. Kasseraren, Judas Iskariot, stilte spørsmålsteikn ved ei slik økonomiske prioritering. Salve for nærare ein halv million, omrekna til vår tid og norsk valuta, meinte han måtte kunna brukast på anna vis.
Det vert stundom spurt om det er rett å bruka pengar på å halda gudstenester i kyrkjene våre når det stundom kjem svært fåe i kyrkja. Svaret er ja. Fordi å feira gudsteneste er å gje Gud ære, slik Maria gjorde. Mange eller fåe, det er ikkje avgjerande.
”Heile huset vart fylt av angen frå salven”, står det i bibelteksten. Ein ange frå ein salve, musikken, kunsten, utsmykkinga av kyrkjerommet, kyrkjehuset, det vakre, det estetiske. Er det verd å prioritera slikt? Svaret er ja. Dette er fyller rommet til Guds ære og er til glede for menneske og gjer oss godt. Våre øyrer og auger, vår smaksans og vår luktesans treng det.
Judas prøver å setja dette opp mot dei fattige sine behov. Men Jesus bed oss gjera begge deler. På tysdag ga mange si gåve til Kirkens Nødhjelp. Takk til alle som tok vel imot ungdommane når dei kom med bøssene på dørene.
Den fyrste palmesundagen tok folket palmegreiner og gjekk for å møta Jesus og dei ropa
Hosianna!Den songen har fylgd den kristne kyrkja i to tusen år. Også i den ”nye liturgien” syng me under nattverdmåltidet: Velsigna vere Han som kjem i Herrens namn. Me trur at Kristus kjem til oss. Og me trur Kristus kjem til oss forkledd som eit medmenneske som treng oss. Prioriteringar på palmesundag (og elles) må vera å gje Gud ære med alle sansar og dela raust med våre medmenneske.
Velsigna vere han som kjem
i Herrens namn,
Israels konge!
Ynskjer alle ei velsigna påskehelg!
onsdag 16. mars 2011
Meir himmel - meir jord
MEIR HIMMEL - MEIR JORD
ei vandring gjennom Kristuskransen sine perler
Musikken, tankane, undringa og leiken førde tre levande menneske saman.
Egon Askvik (piano og refleksjonar)
Kjell Bergsvik (saksofon) Astri Sudmann (forteljing)
har saman skapt førestillinga ”Meir himmel - Meir jord”.
Dei har fått med seg profesjonell teaterfolk: Jan Holden (lyd/lys) Arvid Ones (regi).
Førestillinga vil ta tilhøyrarane med inn i mange kjenslerom og skapa gjenklang i eigne levde liv: Undringa, gleda, leiken, sorga og håpet sine rom. Ei stor skattekiste står i ein åker full av vakre perler. Gjennom førestillinga vert perlene løfta fram. Ei vandring gjennom livet. På leit etter himmelriket.
Tenk at himmelriket finst i ein åker !
Nokon vil kjenne att perlene som Kristuskransen, men det er ingen føresetnad at ein har høyrt om kransen tidlegare. Dette kan gjerne vera eit fyrste møte.
Målet med førestillinga er å gje tilhøyrarane eit nytt og annleis møte med klassisk kristentru: Kjende salmeskattar i møte med teateret sine verkemidlar, kjende heilage tekstar fortald på nytt i von om å skapa nye tankar, undring og refleksjonar.
Tonar og ord du kjenner att, men som fører deg vidare.
Målgruppe:
Unge vaksne, vaksne, konfirmantforeldre
Tid:
Turné i Bjørgvin bispedømme 24-30.oktober 2011 Dersom det er ynskje om andre dagar, ta kontakt med oss. Turnéen er støtta av Bjørgvin bispedømmeråd og vert publisert på bispedømmet sine nettsider.
Torsdag 19.mai kl.20 i Fridalen kyrkje, Bergen inngang kr.100