søndag 17. april 2011

palmesundag

Prioriteringar på palmesundag
Palmesundag
Joh.12,1-13
Det har nyss vore kyrkjemøte og ny liturgi for gudstenester i Den Norske Kyrkja er vedteken. Den skal gjelda frå fyrste sundag i advent. No er våre nye liturgiar aldri nye. Me søkjer heile tida attende til røtene og spør: Korleis kan me tilbe Gud?
Maria utførte ei unik handling denne fyrste palmehelga i Betania utafor Jerusalem: Ho salva Jesus til Messias. Messias betyr ”Den salva”. Ho salva Frelsarkongen som skulle koma, slik dei gamle profetane hadde gjort det med kongane i det gamle Israel.
Men Maria viser også ei grunnhaldning for all liturgi og kristent liv. Lukas fortel om at ho lytta til Jesu ord. Johannes fortel om korleis ho på ”palmelaurdag” brukar svært dyr salve for å salva Jesu føter og tørkar dei med håret sitt. Kasseraren, Judas Iskariot, stilte spørsmålsteikn ved ei slik økonomiske prioritering. Salve for nærare ein halv million, omrekna til vår tid og norsk valuta, meinte han måtte kunna brukast på anna vis.
Det vert stundom spurt om det er rett å bruka pengar på å halda gudstenester i kyrkjene våre når det stundom kjem svært fåe i kyrkja. Svaret er ja. Fordi å feira gudsteneste er å gje Gud ære, slik Maria gjorde. Mange eller fåe, det er ikkje avgjerande.
”Heile huset vart fylt av angen frå salven”, står det i bibelteksten. Ein ange frå ein salve, musikken, kunsten, utsmykkinga av kyrkjerommet, kyrkjehuset, det vakre, det estetiske. Er det verd å prioritera slikt? Svaret er ja. Dette er fyller rommet til Guds ære og er til glede for menneske og gjer oss godt. Våre øyrer og auger, vår smaksans og vår luktesans treng det.
Judas prøver å setja dette opp mot dei fattige sine behov. Men Jesus bed oss gjera begge deler. På tysdag ga mange si gåve til Kirkens Nødhjelp. Takk til alle som tok vel imot ungdommane når dei kom med bøssene på dørene.
Den fyrste palmesundagen tok folket palmegreiner og gjekk for å møta Jesus og dei ropa
Hosianna!
Velsigna vere han som kjem
i Herrens namn,
Israels konge!
Den songen har fylgd den kristne kyrkja i to tusen år. Også i den ”nye liturgien” syng me under nattverdmåltidet: Velsigna vere Han som kjem i Herrens namn. Me trur at Kristus kjem til oss. Og me trur Kristus kjem til oss forkledd som eit medmenneske som treng oss. Prioriteringar på palmesundag (og elles) må vera å gje Gud ære med alle sansar og dela raust med våre medmenneske.
Ynskjer alle ei velsigna påskehelg!