tirsdag 16. august 2011

Nasjonal minnedag sundag 21.august 2011


Denne sundagen skal igjen det flaggast på halv stong i bygd og by. Slik det mange stader vart gjort 23.juli og Olsokdagen 29.juli. Det er nasjonal minnedag for offera for drapa i Oslo og på Utøya-

22. og 23.juli gløymer me aldri. Dei fyrste meldingane og så dei fryktelege tala på drepne menneske, dei fleste i skulealder. Det var det verste: Ungdommar med livet framfor seg vart brutalt skotne ned og drepne. Me var som lamslått.
Men berre for ei stund.

Spontant vart kyrkjene opna for menneske som ville tenna lys og be. Spontant vart det lagt ned roser framfor domkyrkja i Oslo. Rosene vaks til ei stort hav. Einskildpersonar tok initiativ til rosetog over heile landet. I Oslo var så mykje som 200.000 ute i gatene 25.juli.

Menneske søkte saman. Hat og vald fekk ikkje siste ordet. ”Me takkar deg for at kjærleiken er sterkare enn døden”, heiter det i liturgien i kyrkja. Det opplevde me desse julidagane i Noreg. Ein ung AUF-ar vart sitert over heile verda: ”Når eit menneske kan visa så mykje hat, tenkt på kor mykje kjærleik me kan visa saman.”

Kyrkjelydane er oppmoda til å bruka 1.Kor.13 som tekst i kyrkjene denne spesielle dagen.
Her heiter det:
Kjærleiken gøymer ikkje på det vonde
Kjærleiken gleder seg ikkje ved urett,
men gleder seg ved sanninga.
Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

Presten Per Arne Dahl vart spurd om kva tid me kjem attende til det normale. Han svarte: Me skal ikkje attende dit.
Håpet er at me skal attende til noko meir enn det me hadde.
Ein kvardag som er litt meir prega av omtanke.
Litt meir prega av spontan godleik. Ein kvardag som er litt mindre prega av skepsis til kvarandre.

Denne sommaren har me sunge:
”Vi vil ta vare på skjønnheten, varmen”

BØN
Du trufaste Gud,
fortvilte og gråtande kjem vi fram for ditt ansikt.
Stå saman med oss Gud, når vi med
heile folket vårt minnest dei som brutalt blei rivne bort den 22. juli.
Gud, ver hos oss
når vi ikkje veit korleis vi skal bere sorga.
Hjelp oss å hjelpe kvarandre
vis oss vegen å gå vidare.
Frå djupet ropar vi til deg:
Høyr oss, Gud! Hjelp oss, Gud! Miskunne deg over oss!
Kyrie eleison.