torsdag 21. februar 2013

Sans og Samling: Egon Askvik

Sans og Samling: Egon Askvik: Egon Askvik tek mange flotte bileter frå Leikanger. Desse er å få på Sans og Samling, på lerret i ulike størrelsar. ...

fredag 8. februar 2013


Tale i gravferd i Austrheim kyrkje 7.februar 2013

Kor mykje er eit menneske verd?
Kva er det som gir eit menneske verdi?
Kva er det som gjer oss verd?
Menneskeverd – som det heiter så fint.

Dessverre trur me på dette. At viss me er pene nok, vellukka no, flinke no, produktive nok, då er me verdfulle.

Helga brukte sine leveår her på jorda til å læra oss noko anna.
Det er ikkje dette som tel.
Ho minna oss om noko som me har gløymt og som me gløymer att:

Når alt kjem til alt


Når alt kjem til alt, kva betyr desse våre vakre fasadar?
Desse våre skilt mot omverda, desse våre produkt.
Når alt kjem til alt, kva er det som tel?
Er det ikkje ei hand å halda i, eit ope blikk vi kan møta,
nokon å vera trygg hos, nokon å koma nær.
Er det  ikkje andlet, smil, tårer vi delte som
står att og lyser mellom det som nådde djupast inn?
Sigerspallen, kva var den mot varmen frå eit anna menneske,
når alt kjem til alt.
 
Når alt kjem til alt.
Kva er det som tel?

Ein av læresveinane vart ein gong teke til sides av Jesus.
Veit du kva som var spørsmålet?
Dei ti boda? Fadervår? Bibelsoga?  Eller spurde kva han hadde gjort på i påska? som hadde banna på at han ikkje kjende Meistaren sin?
Nei
Det var dette:
Elskar du meg?
Det var det heile
Er du glad i meg? 

Når alt kjem til alt er det dette som tel

Dette som står att
Størst av alt som Paulus skriv

Relasjonen oss menneske i mellom.
Relasjonen til Gud’

Ei hand å halda i
Eit ope blikk
Nokon å vera trygg hos
nokon å koma nær
smil og tårer som vert delt
varmen frå eit anna menneske 

Elskar du meg?
Å få gje sin kjærleik til eit anna menneske
Å bli møtt med kjærleik av andre menneske 

Utan dette vil me visna og dø.

Helga skulle etter alle solemerke har vore død for lenge sidan. Det er ikkje tvil om at det er dykkar kjærleik, dykkar sinne, dykkar tårer og latter og dykkar engasjement som har halde henne i live

Helga hadde eit heilt liv og eit fullverdig liv.
Men ho har vore avhengig av at andre gav henne menneskeverd. Viste kjærleik og omtanke og medmenneskelighet. La til rette. Og kjende gleda ved det.
 
Helga hadde noko som menneske leitar eit heilt liv etter utan å finna det: Ubetinga kjærleik. Ho var elska utan at de hadde baktankar med det. Ho var elska for si eiga skuld.

Det er mange som hungrar og tyrstar etter det.
Dei slit seg ut.
Men vert aldri trygg på dette: Er eg elska? For den eg er?

Apostelen Paulus seier at utan kjærleik er eg ingenting.
og seier at kjærleiken – dette å elska og bli elska
Det er det største av alt.
 

Livet har vi no


Fins noko vakrare enn eit andlet som livet har rissa runer i.
Liner av latter, liner av smerte, liner av kamp, liner av glede.
Fins noko nærare enn å røra ved desse linene, og ha del i dei.
Skulle vi ikkje meir, mykje meir, ta oss tid til å røra ved kvarandre.
Stogga opp, la blikket kvila, la hender vara varsamt søkande, - la dører vera opne mot kvarandre.
Skulle vi ikkje meir kjempa saman mot det glatte, overflatiske, tomme….Livet har vi no. Og kvarande, om vi tør.
(Dikta er frå diktsamlinga ” Å dryssa stjerner” av Bente Bratlund Mæland)

 Helga fylte ein viktig plass. Ho var ein viktig del av fellesskapet. Eg hugsar ein gong ho var vekke frå gudstenestefellesskapet og eg sa då eg kom heim og tenkte: Det var noko som mangla i kveld.  Helga var der ikkje. Eg sakna henne. Kvifor det: Ho song ikkje, ho ga ikkje ein respons eg forsto. Men ho var der, de hjelpte ho så ho fekk vera her. Og ho fylte sin plass.
Ho berre var.

Helga var del av eit gudstenestefellesskap her i kyrkja. ”Gudsteneste for alle”.  Dei kjekkaste gudstenestene eg var med på medan eg var prest i Austrheim. Eg hugsar ein dama her nede på Hopland som sa til meg: Du eg går desse fredagskveldane, eg. Du veit eg kjenner meg litt hemma eg og. Og ikkje heilt vellukka.
Akkurat.
Slik er det med meg og.

Liner av latter, liner av smerte, liner av kamp, liner av glede.
Me er eit fellesskap av andlet som livet har rissa runer i.
Me rører ved kvarandre. Varsamt.

Og me kjempar mot det glatte, overflatiske, tomme.
Og her i Guds hus kjem Kristus oss i møte.
Med sin fred.

Eg likar å tenkja at Gud er som ei mor som sit ved senga og syng for barnet sitt.
Såså
Ikkje ver redd
Eg skal vera her. Eg passar på. Eg går ikkje frå deg.

Den fyrste song eg høyra fekk
var mor sin song ved vogga
dei mjuke ord til hjarta gjekk
dei kunne gråten stogga

Dei sulla meg so inderleg
so stilt og mjukt te sova
dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova

Den vegen ser eg enno tidt
når eg får augo kvila
der stend ein engel smiler blidt
som berre ei kan smila

Kristus som syng oss i søvn.
 
Som syng Helga inn i hennar siste natt.
Sov godt, skatt !