tirsdag 8. mars 2016

  Eg ser mot aust

Kvar morgon går eg inn i kyrkja

Å stå opp tidleg er ein god vane, sjølv om nokon påstår det er ein uvane å vera oppe før fuglane har tenkt tanken. Ein tur til fots gjer godt, og så å gå innom den opne kyrkja vår. kveikja eit lys, be ei bøn og lysa velsigninga. I alle himmelretningar.

Herren velsigne deg og vare deg
Eg vender meg mot nord. Lyser velsigninga oppover bakkane. At dei på Leite må få ein velsigna dag. Likeeins alle sunnfjordingar, nordfjordingar, møringar, trøndarar og nordlendingar. Ei særleg velsigning og bøn om vern av våre sårbare nordområde. Tenkjer på isen i Arktis som smeltar etterkvart som temperaturen på jorda stig.  Ei bøn om vern, så ikkje klimaendringane tek livet av oss og våre etterkomarar.

Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig
Hendene vert lyfta mot vest. Hanahaug og ytrebygda. Visste du at Sognefjordvegen går like til Lavik? Velsigning over heimefolket mitt, strilane, og sjølv om det kan sitja langt inne: bergensarane er inkluderte. Velsigning over biskopen og staben hans. Og over gode vener i Austrheim og Fedje der eg tidlegare fekk vera prest. At Herrens andlet særleg kan lysa for dei som eg veit slit og har tunge dagar og vera nådig mot alle som i desse dagar vert utan arbeid.
At Herren må sjå i nåde til dei engelske øyane, livet i det store atlanterhavet og på det amerikanske kontinentet.

Herren lyfte sitt åsyn på deg
Eg ser mot aust. At Gud ser til dei innaføre, på Hermannsverk, Henja, Røysaleite, Dalen – ja heile strondi.
Lys for alle austledningar alle og vår mektige nabo i aust. At me ikkje går mot ein ny kald krig med opprusting, men kan byggja freden. Og endå lenger aust, det enorme Kina, den unge nye økonomiske stormakta. Som held oss med rimelege klede. Vaksne, ungdommar og born betalar prisen med lange arbeidsdagar, ofte med dårlege arbeidsforhold og ei lusaløn. 
Og gløym heller ikkje sogndølene, om me no skal slåast saman med dei eller ikkje!

Og gje deg fred
Til sist vender eg blikket mot sør. Der ufred, vald og urett rår i alt for stor grad.
Guds velsigne Tyskland, Italia, Tyrkia og Hellas og landa som har teke imot det uendeleg lange fylgjet av flyktningar som har kome til dei frå sør. Gud, gje fred i Syria og rettferd i Eritrea!  Velsign og gje vern til alle som no er om bord i ein livsfarleg båt, eller som vandrar til fots, rømt frå heim og hus, familie, vener og arbeid, på veg ut i ukjende. Ikkje fordi dei vil, men fordi dei må.  Gje fred og rettferd i Midtausten, der konfliktane ikkje ser ut til å ha nokon ende.
Og Afrika, dette store, mangfaldige, fargerike, varme kontinentet. Som heilt ufortent har vorte synonymt med svolt og naud.  Eg tenkjer med glede på songen, dansen, gleda og motet. Ikkje på grunn av omstenda, men på trass av situasjonen dei er i .

Og eg seier Amen.