Mannleg etnosentrisme
Notatet tek utgangspunkt i Leena Avotie: ”Leiing – et mannlig territorium” i Einarsen,S og Skogstad,A: Ledelse på godt og vondt. Oslo, Fagboklaget 2002
Avotie peikar innleiingsvis på at til trass for formell likestilling i dei nordiske land er det ein relativt sterk mannsdominans innafor leiande stillingar i arbeidslivet og påpeikar at grunnane til dette ligg på to nivå.
1) Individnivå
2) Strukturelt eller kontekstuelt nivå
Ho har i artikkelen eit strukturelt perspektiv. Eit strukturelt perspektiv inneber at ein har eit meir kritisk syn på strukturane i organisasjonen. Forfattaren meiner at det må skapast ei forståing for at den skeive kjønnsfordelinga i leiarskapet er eit organi- sasjonsproblem og ikkje eit kvinneproblem. Kva vilkår har kvinner i organisasjonen?
Eg vil i dette notatet konsentrera meg om eit sentralt omgrep i Avotie sin artikkel, nemleg omgrepet ”Mannleg etnosentrisme”
”Mannsdominansen på ledernivå utgjør i seg selv en struktur, og som alle strukturer foreskriver og regulerer den interaksjonen mellom mennesker og påvirker dermed vår adferd.
En mannlig etnosentrisme institusjonaliseres i organisasjonens strukturer, kultur og praksis.” ”Mannsdominansen på ledernivå utgjør i seg selv en struktur, og som alle strukturer foreskriver og regulerer den interaksjonen mellom mennesker og påvirker dermed vår adferd. En mannlig etnosentrisme institusjonaliseres i organisasjonens strukturer, kultur og praksis.” (s.214)
Kva er etnosentrisme?
Med etnosentrisme meinar ein ein tendens til å sjå på verda og andre menneske ut frå ein eiga gruppe sin situasjon og perspektiv. Avotie viser her til T.Jr. Cox[1] Etnosentrisme inneber m.a. at ein ser på si eiga gruppe si adferd og vurderingar som meir legitime, meir adekvate og meir verd enn andre grupper si adferd og vurderingar. Etnosentrisme er generelt ein vanleg tendens hjå menneske.
Etnosentrismen kan bli vanskeleg for andre grupper når den vert utøvd av ein sosial kategori som har makt. Denne gruppa ser då på vedtekne normer og reglar som ”nøytrale” og ”objektive” Det kan bli vanskeleg å setja spørsmålsteikn ved den dominerande gruppa si røyndomsoppfatning. Viss det har vore mannleg leiing i lang tid har det sett sitt preg på organisasjonen
Kven har tolkingsrett? Menn har tradisjonelt vore i posisjonar der dei har kunna tolka røyndomen ut frå sitt eige perspektiv. Dei har kunna gjort si tolking til ”sanning” (Collison & Heras 1994 og Acker 1990). Dette har til tider medfør at det har vore vanskeleg for kvinner å gjera sine opplevingar og erfaringar gjeldande. Kvinner kan av menn verta opplevd som problemskaparar når dei påpeikar dette, fordi menn ikkje kjenner seg att i det kvinner fortel.
Mange set rett og slett ikkje spørsmålsteikn ved den dominerande gruppa sit verkelegeheitsbilde”. Kvinner som reagerer held tett om si oppleving for ikkje å bli stempla.
DRØFTING
Eg meiner etnosentrisme er eit høvande omgrep for mekanismar som også gjer seg gjeldande i kyrkja og synes difor det er interessant å drøfta dette med henblikk på kyrkja generelt og på eigen praksis.
Temaet generelt er aktuelt i kyrkja, der det tradisjonelt har vore overvekt av menn i leiande stillingar. Og menn som har lagt premissane. Mannsdominansen er her ikkje berre strukturell, men har også vore teologisk (og slik ideologisk) grunngjeven. Kvinner si etterlysing av eit meir inkluderande språk i bibelomsetjing, salmar og liturgi har ofte vorte latterleggjort og avvist. Makta har sett på vedtekne reglar og normer som ”nøytrale” og ”objektive”. Kyrkja har hatt 2000 år med menn i leiinga og det har sett sitt preg på organisasjonen. Sjølv om dette har vore i endring dei seinaste tiåra, gjeld det å ikkje oversjå kompleksiteten i dette organisasjonsproblemet.
I mi eiga presteteneste har eg alltid ivra for og oppmuntra kvinner som prestar og slik støtta dei på individnivået. Men eg har nok ikkje i tilstrekkeleg grad vore meg bevisst dei strukturelle sidene. Ideologisk og teologisk er eg for full likestilling i kyrkja. Men korleis gjer dette seg gjeldande i systemkritikk? På ulike plan og arenaer?
Kyrkja generelt
Strategiplan for kjønn og likestilling i Den Norske Kyrkja 2009-2014 skal opp som sak på Kyrkjemøtet i november d.å. I saksframlegget heiter det mellom anna at ein vil
”Arbeide for et likeverdig og likestilt fellesskap av kvinner og menn. Fremme en jevn fordeling av kvinner og menn på alle plan i kirken. Arbeide videre med kvinner og ledelse og med lederskapsmodeller i forhold til kjønnsroller.” [2]
Her heiter det også at ein skal arbeida for eit meir inkluderande språk i gudsteneste og liturgi.
Sitata viser at kyrkja sit øvste organ vil gå langt i å fremje full likestilling på alle plan. Men lokalt og i dei sentralkyrkjelege nemnder og utval er bevisstheten rundt desse spørsmåla lav og delvis fråverande. Gry Friis Eriksen har undersøkt korleis arbeidet med kvinne- og likestillingsspørsmål vert prioritert og integrert i dei sentralkyrkjelege råd og utval og i bispedømma. Ho skriv ”Likestillingsperspektiv skal gjennomsyre hvert enkelt satsingsområde i kirken. Men disse holdningene får ikke konkrete følger i det materialet som her er gjennomgått. Kanskje det skyldes en oppfatning om at likestilling er en verdi som er tilstede som en naturlig og automatisk verdi i alt arbeid. Men dette fører ikke til en konkret og gjennomarbeidet handlingsplan for å sikre at likestillingsperspektivene er tilstede” Friis Eriksen si undersøkjing ”Den utomatiske likestillingen” viser mange eksempel på dette.[3]
I radioprogrammet Verdibørsen kjem forskaren Merete Thomassen med fylgjande eksempel: Kyrkjerådet sende ut liturgiar for 8.mars til bruk i kyrkjelydane. Fleire bispekontor stansa desse og nekta bruka dei på grunn av språkbruken i liturgien. Det interessante var deler av grunngjevinga: Når mor var brukt om Gud var det å kjønna gudsbildet og seksualisere det. Det vart hevda at Far ikkje er kjønn, men ein nøytral metafor.[4] Slik eg ser det er dette eit godt døme på mannleg etnosentrisme.
I mi eiga presteteneste
Mi støtte til kvinneprestar har nok mest gjort seg gjeldande på individnivå. Eg trur at mi eiga utfordring kan vera auka bevisstheit for manglande likestilling i strukturane. Og i større grad setja spørsmålsteikn ved og ufordra dei rådande verdiane og normene i kyrkja
Eg har inntil i år vore prest i prosti utan kvinner og dess større er sjansen for at mannleg etnosentrisme får leva uforstyrra. Og det ekstra høge krav til bevisstheit i desse spørsmåla.
I eigen kyrkjelyd er det aktuelt å spørja: Korleis er kvinner synlege? Korleis er dei leiarar i gudstenesta? Korleis vert det forkynt om desse spørsmåla? Korleis er fordelinga på kjønn i soknerådet? Kvar er mennene i barne- og ungdomsarbeidet? Legg me betre merke til mangelen på menn enn mangelen på kvinner? Korleis kan gutar og jenter få likestilling som ein sentral verdi med seg frå konfirmantundervisninga?
I noverande prosti: Vi har ei kvinne i prestefellesskapet. Kva gjer dette med oss som fellesskap? Med henne? Korleis er det å vere kvinne ei så mannsdominert gruppe. Kva med å utfordra henne oftare til å koma med sitt perspektiv? Og sjølv vera vaken for mekanismar som verkar diskriminerande.
Læringskontrakt og prosjekt
I læringskontrakten min seier eg at vil i større grad lytta og i PLU-prosjektet har eg lytta til både kvinner og menn. Her har fleire kvinner for fyrste gong fortald om tru og si oppleving av kyrkja og kyrkjelyden. Her er det mykje skjult kompetanse – for kyrkja. Og alt for mange usynlege kvinner. Det er eit ekstra ansvar for den som er eineprest og mannleg prest til å lytta seg inn til desse erfaringane og sleppa kvinner til i synlege posisjonar.
Dette er, som forfattaren seier, eit organisasjonsproblem – kyrkja sitt problem – og ikkje eit kvinneproblem. Difor engasjerer dette temaet !
Avslutningsvis vil eg sitera Guttorm Fløistad:
”Likeverdstanken er i vår kultur best kjent frå Paulus sitt brev til galaterne: Her er ikke jøde eller greker, trell eller fri, mann eller kvinne, dere er alle ett i Kristus Gal.3,28. Det var en revolusjonær tanke i oldtidens slavesamfunn, med sterke sosiale klasseskiller, etnisk diskriminering og mannsdominerte politiske systemer. Vi er fremdeles preget av ettervirkningene av slike strukturelle krenkelser av likeverdstanken. Det er blitt langt bedre, men det er også langt igjen” [5]
[1] Cox, T.Jr. (1994) Cultural diversity in organizations. Theory, research & practice. San Francisco
[2] Kyrkjemøtet 2008 Sakspapir til KR 53/08 Strategi for kjønn og likestilling i Den norske kirke 2009-2014
[3] Gry Friis Eriksen: Den automatiske likestillingen – Integrering av likestillingsperspektiver i Den Norske Kirke etter det økumeniske tiåret ”Kvinner i solidaritet med kvinner” Oslo, Det Praktisk-Teologiske Seminar 2004 s.11
[4] Merete Thomassen i radioprogrammet Verdibørsen 11.oktober 2008
[5] Guttorm Fløistad: Verdibasert ledelse: Kultur, etikk og kommunikasjon i Einarsen,S og Skogstad,A Ledelse på godt og vondt. Oslo, Fagboklaget 2002 s.410
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar