tirsdag 22. juni 2010

No tonar ein lovsong

JULEPLATE
Takk til alle som var med på opptakshelg i Aurland 18-20.juni 2010
og desse var med: Sander Sekkingstad (toradar) Dorthea Sekkingstad (fløyter,kornett,song) Aurland spelemannslag: Ingunn Stokstad, Harald Skjerdal, Halgrim Skjerdal, Gøril Tveiten Lie, Håkon Øydvin Askvik5/6: Ingrid (song) Arild Rohde (song,fiolin, tromme) Mari (song, trekkspel) Matias (bass,song) Hege (song) Egon (piano,orgel,song) Anna Karine Marstein (song), Marianne Eriksen (orgel,song, harpe)
Tom Karlsrud (teknikar, trekkspel)
Det vart ei veldig kjekk opptakshelg. Me er svært takksame for at de alle stilte opp. Me koste oss skikkeleg. Tenk å samla så mykje kjekke og dyktige folk ei heil helg for å spela og syngja i lag: Travle spelemenn, AK innimmellom pakking og sal av geitost på Lærdalsmarknad, Dorthea midt i eksamen for studentane på høgskulen, Marianne som kom heile vegen frå Oslo saman med familien for å vera med oss. Me fekk det til. No er det miksing og ferdiggjering som står att. Egon & Askvik5

MARIANNE ERIKSEN
Me er ekstra glad og stolt over at Marianne var med oss. Ho står for melodi og arrangement på "Joleklokker" og har laga spennande arrangement på "Et barn er født" og "Mitt hjerte alltid vanker". Dette er med og gir heile innspelinga ein annan dimensjon. Reidar som stilte velvillig opp og vesle Åsa smilte oppmuntrande til oss.

TOM KARLSRUD
er ein erfaren musikar og har gjort mange innspelingar. Takk for tålmod og godt humør ! Me er trygge på at innspelinga er i dei beste he nder når det skal miksast og "vidareforedlast".

Kva skjer no?
I løpet av sommaren skal me få miksa og redigert opptaka. Dei vert sendt spelemannslaget og Marianne til "godkjenning". I byrjinga av desember håpar me å ha plata klar.

Konsertar
Det kan verta aktuelt å ha konsert i Undredal kyrkje 19.desember (4.s. i advent) kl.16 og i Vangen kl.19
men dette må me koma attende til.












Åsa, Reidar og Marianne






eit visst bryllup gjekk heller ikkje upåakta hen....




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar