1 Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han. 2 Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt tok svolten han. 3 Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal bli til brød!» 4 Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn.»
5 Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han ytst på tempelmuren 6 og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive: Han skal gje englane sine påbod om deg. Dei skal bera deg på hendene, så du ikkje støyter foten på nokon stein.» 7 Men Jesus sa til han: «Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.» 8 Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle rika i verda og deira herlegdom 9 og sa: «Alt dette vil eg gje deg om du fell ned og tilbed meg.» 10 Men Jesus sa til han: «Vekk med deg, Satan! For det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena.» 11 Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han." Matt.4,1-11
Sist konfirmanttime kom me fram til den brune perla. Ørkenperla. Med farge som ørkensand.
Denne perla seier: Det som er sant, det som er rett, det som er godt: Velg det! Hald fast på det! Kjemp for det.
Og konfirmantane pugga og sleit i ørkenen denne torsdagskvelden. Og lærte dei ti bod. I alle fall ordlyden.
Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg !
Det er den største freistinga.
At Gud ikkje vert Gud.
Gud unner oss alt det gode:
Signe leste om alle trea i hagen
Nydelege å sjå på og gode å eta av
Forsyn dykk
Men det finst grenser.
Dei måtte eta av den forbudne frukta
Mange har trudd det var eple
men det står det ingen ting om
Tvert imot trur eg at eple var av dei hugnadlege trea som var vakre å sjå på og gode å eta av
Me kjenner historia. Dei respekterte ikkje Guds grenser. Måtte stiga over. Og så er dei i gang, slik me er i gang. Lyg og gøymer seg, Adam kvar er du? Skuldar på kvarandre: Kvinna gav meg og eg åt. Slangen gav meg…
Denne splittinga mellom Gud og menneske og mellom menneske, slik me kjenner det så godt….
Dei tre fyrste boda handlar om Gud.
Og dei fyrste bønene i Fader vår handlar om Gud:
Lat riket ditt koma
Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen
Ørkenperla er ei treningsperla
Dåpsperla er den kvite.
Jesus gjekk rett frå dåpen i Jordan, då Anden kom ned over han som ei dua. Og så førte Anden han ut i øydemarka for å verta freista – verta sett på prøve.
Freistingane var å søkja sitt eige: Er du ikkje svolten no etter førti dagar?
Kunne det ikkje vore fint å testa dette med å kasta seg utfor og sjå korleis Gud reddar deg?
Eller kva med 200 millionar på bok?
Det einaste eg krev er sjela di, at du gløymer Gud
Ørkenperla er fastetida si perle
Me som er døypte vert sett på prøve.
Me vert freista til å krøka oss inn i oss sjølv, berre tenkje på oss sjølv, våre behov og vårt eige velvære. Me trur me vert lukkelege av det. Men det er eit bedrag.
Freista til å gløyma Gud og våre medmenneske.
Den danske religionsfilosofen Løgstrup snakkar om den etiske fordring.
Hør:
Me ber andres liv i våre hender.
Me er makthavarar. Me har makt over andre: Ektefelle, born, naboar, vener, arbeidskameratar, klassekameratar.
Det står i vår makt å prega dei ulike forholda me har – dei ulike relasjonane.
Me kan vera med og bidra til at det vert mørkt, at det vert lyst, vanskeleg, lett, godt, vondt.
Den stund me er på jorda ber me kvarandres liv i våre hender.
Ørkenperla er ei treningsperle.
No, kjære kyrkjelyd, får de ei lekse til denne fastetida.
Det er nemleg ikkje berre snakk om å minska matinntaket (sjølv om nokre av oss kunne trenga det)
Leksa er:
Kva er det i livet ditt som du veit gjer livet litt vanskelegare for andre menneske?
Leksa er rett og slett å identifisera det.
Finna ut kva det er.
Å verta klar over det.
Og vera sann.
Slik er det !
Til forskjel frå Jesus i øydemarka, så klarar me ikkje alltid å stå i mot freistingar. Men håpet er ikkje ute. Håpet ligg i å vera sann.
Den som er sann om det som er gale, kan finna vegen vidare.
Den som nektar og stikk hovudet i sanden har vald dødens veg.
Me treng ikkje masker framfor Gud.
Når me om ei stund skal be det gamle Litaniet, så ropar me: Kyrie eleison
Herre miskunna oss
Det betyr: Hjelp oss
Kom med nåde
Kom til oss med kjærleik.
Så me også kan gløyma oss sjølve
Og finn Gud og tilbe Gud
og sjå menneska rundt oss
Alle desse liv som me held i våre hender.
Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var og er og vera skal – ein sann Gud, frå æve og til æve.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar